Søndag morgon skal visa Fitjartangoen, eller Stjernenattens melodi som den eigentleg heiter, spelast i Sangtimen på P1.

Det er i programmet Sangtimen på P1 som startar rett over klokka åtte søndag morgon at denne songen skal spelast. Korleis det har seg at den blir omtala som Fitjartangoen er noko uklart, anna enn at det er fitjarbuen Torbjørn Moe som har komponert den. Songen handlar om kjærleik mellom mann og kvinne og ikkje til «Fitjarbygd, vene stad». Det er også andre uklåre omstende rundt dette musikkklenodiet. Det er uklårt om det er Torbjørn sjølv, broren Toralf eller søstera Eli som har skrive teksten. Det kjem nett an på kven du spør.

Uansett skal songen spelast i ein versjon spelt inn av Syng med oss-koret og ei purung Sissel Kyrkjebø på riksdekkande radio søndag morgon, for dei som vil høyra denne songen, anten for første gong, eller som eit minne frå farne dagar.

Ingressbiltet: Slik såg songheftet med Stjernenattens melodi ut då det blei publisert tidleg på 40-talet. Foto: www.bergensmuseet.no