Fitjar got talent understreka endå ein gong at me såvisst ikkje manglar talent mellom barn og unge i Fitjar. Det var rett og slett imponerande framføringar me fekk med oss i kveld.

Det tyder ikkje at alle innslaga var like imponerande. Nokre av artistane har heilt klårt ting dei kan utvikla vidare, men vi synest det er flott at juryen sender alle til finalen i haust.

Me var òg utruleg samde med juryen med omsyn til vinnarane i dei ymse klassane denne gongen. Vinnar i barneskuleklassen, Ingrid Skår Bergesen, gav oss ei fantastisk framføring av Gabriela`s song, Ingvild Oma synte at ho har ei vakker og spennande klang i stemma si, og hennar framføring til eige pianoakkompagnement gjorde ho til ein verdig vinnar i ungdomsskuleklassen, sjølv om me synest konkurransen var jamnare her, med fleire andre gode songarar, sketsjar og stand up.

I klassen for videregåande møtte me tre solistar som alle har kome godt i gang med songkarrieren sin. Johanne Fangel Brekke, Ole Andre Westerheim og Marte Bauge Torland har alle gleda oss tidlegare. Denne gongen var det Marte sin kveld. Aldeles nydeleg song med ei fantastisk innleving gjorde at ho vann ein fortent siger. Det skal likevel ikkje hindra oss i å understreka at Johanne og Ole Andre (denne gongen med gitar) òg gjorde flotte framføringar.

Og så må me ikkje gløyma lydmannen og lyssetjinga. Takk til Ivar Hovland for super lyd og til Terje Raunholm for ditto lyssetjing.