Fitjarstølane/Sentrum vann ein overraskande siger i herreklassen i Fitjar Kraftlag cup. I dameklassen vart det favorittsiger til Vestbøstad.

Herrefinalen vart ein spennande seanse som enda 1-1, etter skåringar av Geir Steffen Tranøy og Tormod Meyer Tørnquist. I straffekonkurransen vart keeperen til Fitjarstølane/Sentrum den store helten ved at han både sette inn sin straffe og redda neste skot – og såleis avgjorde det heile. Det var elles Fitjarstølane/Sentrum som hindra dobbelsiger til Vestbøstad ved å slå dei 2-1 i semifinalen. Vestbøstad vann derimot kampen om tredjeplassen ved å slå Storavatnet jr.

I finalen i dameklassen vart det klar siger til Vestbøstad. To av dei viktigaste spelarane til Dåfjordingane kunne ikkje stille i denne avgjerande kampen, og det vart ein komfortabel 6-3 siger til Vestbøstad. Nummer tre vart Bakken/Havn, mens Vestbøstad jr. vart nummer fire i cupen.

Vintercupen som no altså har fått namnet Fitjar Kraftlag cup, har vore ein fast tradisjon sidan 1992. Ole Bergesen har vore med kvar gong sidan starten, og Ronald Hareide frå året etter. Dei seier til fitjarposten.no at dei er stolte over at ein har klart å halde denne cupen oppe som ein bygdacup for Fitjar. (Ein må ha Fitjar- tilknyting i ei eller annan form for å få vere med). Dei er òg glade for at fleire damelag stiller. At damene no spelar 5-ar fotball har hjelpt til det.

– Nivået på dei beste laga er svært bra, understrekar dei.

Inklusiv spelarar har rundt 160 personar på ein eller annan måte vore engasjert i denne cupen i år.