50 husstandar i Fitjarstølane er utan straum. Det skuldast feil i ein trafokiosk der. 

Fitjar Kraftlag arbeider med saka. Det har og vore eit straumbrot i øyane i natt som dei måtte prioritere først .

Etter det Fitjarposten erfarer er skaden så omfattande at det  kan det endå gå ein god del timar før straumen kjem tilbake i Fitjarstølane.

Sidan Fitjarposten har kontor like ved den omtalte trafoen, og såleis er utan straum, har redaktøren forflytta seg til inst i Cafe Annemor i sentrum. Om nokon ønskjer å ta kontakt, om saker eller anna, er dei velkomne til det. Me blir i alle høve sitjande her til kl. 15.00.

Ingressbilete: Frå «skapet» i trafokiosken i Fitjarstølane der skaden har skjedd. Foto: Håkon C. Hartvedt

Siste: Kl. 14.15 var straumen tilbake hos alle abonnentane.

steroidi legali