Fitjarstølane har dei siste vekene vore utan gatelys. Slik vil det òg vera i vekene framover.

– Grunnen er at  gatelysa i Fitjarstølen skal fjernast og erstattast med nye. Arbeidet med nytt anlegg vil pågå i mars månad. Dette vil sei at det ikkje kjem lys i veglysa før til påske, melder Elin Anita Erstad i Fitjar Kraftlag til fitjarposten.no.