Fitjarstølane slo førehandsfavorittane i herreklassen og gjekk heilt til topps i vintercupen, medan Øvrabygdo vann dameklassen, også det litt overraskande.

Årets vintercup fekk fekk noko overraskande vinnarar både i dame- og herreklassen. Rett nok mønstra Øvrabygdo eit sterkt kvinnelag, med blant andre Gro Hatlevik i godt slag. Men resultatet i herreklassen var ein real skrell, noko alle var samde om. Tips om finale mellom Sentrum og Fitjarstølane ville nok gitt høge odds, men begge desse laga sleit seg til finalen etter jamt godt spel heile vegen.

I dameklassen gjekk noko av lufta ut av Kalveid/Vestbøstad då Camilla og Britt Lise O. Volden forlet åstaden etter første kampen laurdag føremiddag. Til slutt enda dei på sisteplass etter å ha tapt bronsefinalen på straffe mot Bakken/Havn. Øvrabygdo tapte 0-5 mot Kalveid/Vestbøstad i puljespelet, men reiste seg som ein fugl Funiks av oska. I finalen sopte dei Stratos/Resten av banen med heile 6-1, eitt sjølvmål og scoringar av Elin Kvia, Gro Hatlevik og Karen Elisabet Rydland Sæbø (2) i første omgang. I andre omgang la lagleiar Kari Steinsland på til 6-0, før motstandarane fekk sitt trøystemål ved Marianne Raunholm. Øvrabygdo viste seg svært effektive i finalen, men kan nok takka keeperen sin for at dei kom så langt. Liljan Vestbøstad Waage stod som ein levande vegg i mål i fleire kampar, og var kanskje den beste spelaren på laget.

Også vinnarlaget i herreklassen har mykje å takka keeperen sin for. Thomas Vestbøstad Waage er bror til Liljan, og var den klart beste spelaren i heile turneringa. Tidlegare har han utmerkt seg som suveren toppscorar på A-laget til Fitjar, men denne helga viste han at han er like god som keeper. Han stod som ein levande vegg i kamp etter kamp, slik at Fitjarstølane kom seg vidare etter mange jamne kampar. Særleg semifinalen var spennande; mindre enn eitt minutt før mål avgjorde Per Malvin Wichmann kampen med eit langskot frå midtstreken. Til stor sorg og raseri for vonbrotne spelarar frå Storavatnet. I finalen møtte dei eit sterkt lag frå Sentrum. Redningane til Thomas blei svært avgjerande, og til alt overmål blei kampen avgjort av ein annan god keeper. Lagleiar for Fitjarstølane, Idar Volden Mjønes, er mest kjent som ein talentfull keeper. Men denne gongen var han utespelar, og fekk gleda av å avgjera finalen med si scoring, slik at Fitjarstølane vann 1-0. Ein real skrell, med hovudrolleinnehavarar i uvante roller.

Vintercupgeneral Ole Bergesen fortel til Fitjarposten at årets turnering blei avvikla utan ein einaste alvorleg skade. Elles er han glad for alle ungdommane som er med og fører dei stolte vintercuptradisjonane vidare. Fjorårsvinnarane Storavatnet jr. nådde ikkje opp denne gongen. Men i år var eit heilt nytt lag på banen, Bakken/Havn jr,, så rekrutteringa ser ut til å vera i orden.