Fitjarskyttarane har igjen gjort det skarpt. Denne gongen i Jondal.

-Sundag deltok lokale skytterar i feltstevne i Jondal. I klassen Eldre Rekrutt skaut både Svenn Harald Liarbø og Svein Erik Vik fullt hus og sikra seg dermed plass i finalen. Det var 31 skytterar totalt i deira klasse (ER).

17 av desse fekk skyta finale.

Det var tre skyttarar som hadde 12 av 12 mogelege treff i finaleomgangen, ein av desse var Svein Erik Vik. Her vart innartreffa avgjerande. Svein Erik Vik vart nr. 2 med eitt innertreff mindre enn vinnaren. Svenn Harald Liarbø kom på ein delt sjuandeplass, opplyser Gisle Vik til fitjarposten.no