I helga var det "Hordastevne" i baneskyting. Åsane/Hordvik skyttarlag var arrangør, og det var under flotte forhold gutane frå Fitjar tok 1.plass under lagskytinga i klassen rekrutt/eldre rekrutt/junior.

Asle Kvamsdal som skyt for Fitjar, vann klassen Junior. Og saman med mellom anna Svein Erik Vik tok dei førsteplassen for samlagsmeisterskapen med Sunnhordland I.

Ei god skyttarhelg!