Fitjar Idrettslag blei skipa 6. mars 1949, men var nok ikkje det første idrettslaget i Fitjar.

Fitjarposten har akkurat kome under ver med at Fitjar hadde eit oppegåande idrettslag lenge før det noverande Fitjar Idrettslag blei skipa. Det er Thorvald Meidell Dahle, f. 1926, som kjem med denne spanande informasjonen.

Thorvald fortel at far hans, som også heitte Thorvald Meidell Dahle, og dreiv Sagastrand Gjestgiveri ved Fitjarsjøen, var med og skipa «Fitjar’s Idretslag» 27. januar 1912. Den første idretten dei dreiv med den gongen, var sykling. Det var heilt naturleg, forstår me på Thorvald, for på den tida fekk enkelte unge menn i Fitjar seg sykkel.

– Far min fekk sykkel då han var 28 år, og då starta dei idrettslaget, fortel Thorvald til Fitjarposten.

Thorvald Meidell Dahle senior laga også logo til Fitjar’s Idretslag, på eit banner som hang i Dahlebuo i alle år. Heldigvis har Torvald teke vare på banneret, slik at me har fått sjå det med eigne auge. Med i det gamle idrettslaget var blant andre Nils Raudland. I tillegg til sykling begynte dei tidlege idrettsfolka i Fitjar etter kvart med ski, turn og symjing.

Thorvald fortel at faren gjekk mykje på ski, og bada i sjøen til han var over 80 år. Blant andre ivrige idrettsfolk i Fitjar før krigen var den habile symjaren Knut Tveita. Thorvald Meidell Dahle fortel og at dei dreiv med turn i bakeriet til Henriksen.

Og me som trudde at det ikkje fanst noko idrettslag i Fitjar før 1949 …