Jørund Fjøsne har laga ei heilt ny og heilt spesiell jubileumsgåve til tilsette i Fitjar kommune.

– Fitjar kommune som arbeidsgjevar har følt behov for å fornya seg når det gjeld jubileumsgåver til tilsette. Me ynskjer å satsa på noko som er litt unikt, og som har varig verdi med sterke assosiasjonar til Fitjar. Dette leia oss etter kvart i retning av eit samarbeid med vår lokale kunstnar Jørund Fjøsne, fortel personalsjef Halvard Wiik, som legg til at Jørund sine idear og innfallsvinklar fengde slik at kommunen etter kvart valde å satsa på hans idé.

Fjøsne fortel at hans ramme kring prosjektet var å utvikla ei jubileumsgåve som er særmerkt for Fitjar. Vidare var tanken å gje gåva ein tidlaus design som passar inn både i vel etablerte og nye heimar og hus. Motivet skulle òg representera det varige som ikkje er rørd av menneskehand.

Kva var då meir naturleg enn å ta utgangspunkt i der berg og stein møter hav og sjø?

– Difor har eg farta rundt i Fitjarøyane og fotografert spesielle og detaljrike formasjonar. Konturane av desse er så etsa inn i messing og montert på skiferplater. Eit lite skilt med kommunevåpen og oppgjeven posisjon fortel kvar motivet er henta frå, fortel Fjøsne til fitjarposten.no.

Jubileumsgåva vil verta produsert med fem-seks ulike motiv og vera eksklusiv for arbeidstakarar i Fitjar kommune.

– Ho vart for første gong delt ut på ein jubileumsmiddag for kommunale arbeidstakarar torsdag 9. februar 2012. Jubilantar som likar å bruka kart og kompass eller GPS, kan no leggja søndagsturen ut i øyane for å finna igjen motivet sitt, seier ein nøgd Halvard Wiik til slutt.