15. mai vart Solveig Molnes Skålevik, Fitjar og Sigurd Barane, Bømlo vigde i i Platanias i Hellas der Roald Drønen sto for vigsla.

-Bryllaupsfeiringa vart halde på hotellet Ariadne der dei greske vertane hadde lagt alt til rette for eit vellukka bryllaup. Høgdepunktet var då Solveig og faren kom gåande til alters langs bassengkanten akkompagnert av Mendelssohns brudemarsj. Brudekjolen og slør var laga på  Bømlo av svigermor Mariann. Gresk aften og greske dansarar sette ein ekstra spiss på dagen, fortel Bjørn Magnus Skålevik til fitjarposten.no

Han sender òg varme helsingar til familie på Fitjar og Askøy.