På Goddo blir dei finaste fitjarpotetene i verda dyrka, kan me slå fast etter ein tur i dag.

Etter tips frå velinformert hald om at den største fitjarpotetåkeren i verda ligg på Goddo, reiste me ut for å undersøkja. Om me kom over den største slike åkeren i verda, er me litt usikre på. Men me fekk sjå fleire fine åkerlappar med «kvite engelske» fitjarpoteter, og me ser ikkje vekk frå at den største av åkerlappane er den finaste fitjarpotetåkeren i verda.

Ikkje så langt frå Austvikjo, heilt nord på Goddo, driv Audhild Sørvik i relativt stor stil med gammaldagse fitjarpoteter. I tillegg til dei «kvite engelske» har ho litt kerrs pink, rutt og kongo-poteter. Men desidert mest av dei kvite fitjarpotetene, som ho har arva etter far sin, Gerhard Myren, 1922-2010. Ho passar på å leggja av såpoteter kvart år, så dei potetene ho har i år, stammar frå fitjarpotetene til faren.

Det er ikkje dei heilt store mengdene ho dyrkar, men ein god sesong gir ei avling på vel 1000 kg. Den største åkeren er vel eit halvt mål, og i tillegg har ho fleire mindre åkerlappar rundt omkring. I dag stod fitjarpotetene i blomst, og dermed er dei ikkje så mykje seinare enn vanleg. Som kjent kom våren seint i år, og potetene kom ikkje i jorda så tidleg som ønskeleg pga. telen.

Helst vil Audhild Sørvik ha potetene i jorda før midten av april. Midt i mars legg ho dei ut til solgroing, slik at ho kan setja dei til rett tid. No ser det ut til at potetene ikkje blir så mykje seinare enn vanleg, og då blir det nok potetplukking i slutten av august. Ho har teke opp nokre få, og dei er allereie godt etande.

Audhild fortel at dei kvite engelske er dei kjekkaste potetene å jobba med. Dei gir kanskje ikkje så stor avling som enkelte andre sortar, men det er veldig kjekt å plukka dei. – Når du drar opp planta, er alle dei 10-15 knollane samla rett under stilken, og så er det ein eigen klang når du ristar dei av stilken!

Etter at dei har plukka potetene, lar Audhild dei liggja ein månad i løa til akklimatisering. – Når det har trekt ut litt fukt, ser du betre både tørrote og blautrote, slik at du kan plukka vekk øydelagde poteter. Så sorterer ho potetene i sekker, og set til side det ho har bruk for til såpoteter neste sesong. Ole og Audhild Sørvik fortel at dei liker poteter og et mesteprten sjølve. I tillegg blir det litt til slekt og andre kjensfolk.

– For å driva med dette må du lika å spa, seier Audhild, som seier at alt arbeidet blir gjort for hand.

Potetene set ho i gammaldagse senger, og ho plukkar dei naturlegvis med hand. Ho gjødslar med fullgjøsel, og gras frå plenen sin. Plengraset har ho gode erfaringar med; det held ugraset nede og hjelper jorda å halda på fukt. Men ho sprøyter aldri med gift. Ho følgjer nøye med på lauvet, og skjer det ned med ein gong ho ser teikn til rote. På den måten plar ho unngå at roten sprer seg for mykje.

For den som likar å spa, bør det vera fine forhold for fitjarpoteter også på Fitjar. Dei fine åkerlappane på Goddo freistar i alle høve til å prøva.