Både fitjarpoteter og andre matvarer hadde Fitjar-delegasjonen med seg til Koengen i Bergen under den store matfestivalen i helga.

Våre «bønder i byd’n»  fortel at det ikkje var så mange fitjarbuar å sjå under Bergen Matfestival, som gjekk av stabelen denne helga. Men enkelte av Fitjarposten sine bergensbaserte lesarar var blant dei 30-40 000 som var innom i løpet av dei to dagane. Og dei kan bekrefta at Fitjar-utsendingane blei lagt godt merke til på Koengen.

I tillegg til poteter selde dei råmjølkspudding, tjukklefser, lappar, og ein del andre produkt fra Solveig Thomassen sitt kjøken. Med i salsbua frå Fitjar var elles Randi Dalen, Lars Ove Rimmereid, Odd Bondevik, Kristian Skumsnes, Kristine Dalen og Anna Bodil Hestenes Tislevoll.

Meir om den store matfestivalen kan du lesa til dømes på nettsida http://www.matfest.no/


Solveig Thomassen, Randi Dalen og Lars Ove Rimmereid hadde lappar og mykje anna snadder å by byfruene på Koengen i helga. Foto: Fitjarposten-lesar.