Eit dusin potetbønder møtte opp til fjerde og siste delen av det store kurset i fitjarpotet onsdag kveld.

Kveldens kurshaldar på Fitjar Sjø og Camping var ”potetpresten” Arne Vagle frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Arne Vagle seier at rolla hans er å vera mellommann mellom forskaren og bonden. Han er ein av sju potetekspertar i Noreg, og den einaste ”potetpresten” på dette nivået på Vestlandet.

Då han skildest frå fitjarbøndene ei veke ut i september, uttrykte Lars Ove Rimmereid tvil om alle potetene ville vera komne opp or jorda til neste kursbolk. Det var nok mest meint for spøk, men det gjekk troll i ord. Faktum er at jærbønder var ute i potetåkeren i byrjinga av denne veka. Det var ikkje til å unngå at væta blei eit hovudtema då Vagle oppsummerte potetsesongen 2011. Vagle fortel at dette er den verste sesongen han nokon gong har vore borti. I år har det vore om å gjera å berga det som bergast kunne, og det har vore nødvendig å la mange flekker stå att i åkrane. Men alt i alt har haustinga blitt betre enn ein skulle venta, med rundt 60 % av normal avling. 

Arne Vagle lét ikkje til å ha mist motet av den våte sesongen i år, og gjekk gjennom dei viktigaste suksessfaktorane med dei lokale bøndene. Av desse nemnde han jordprøven, jordarbeidinga, gjødslinga, val av potetsortar, setting og hypping, plantevern/sprøyting og til slutt hausting og lagring. Blant anna minte han dei lokale bøndene på at dei må vera forsiktige med husdyrgjødsel i potetåkeren; kunstgjødsel gir mykje betre kontroll med næringstilførsla. Heile gjennomgangen hans hadde eit mål, å få bøndene til å tenkja på kvalitet. Det er viktig å produsera så god kvalitet at ein får selt potetene til ein skikkeleg pris. Det er viktigare å få fem tusen kroner av eit mål åker enn fem tusen kilo poteter. Det nyttar lite med stor avling om ein må kasta mesteparten.

Kultursjef Bente Bjelland i Fitjar nytta høvet til å helsa dei ivrige potetbøndene. Ho fortalte om erfaringar frå ”Bondens marked” i Bergen, ”Farmers’ Market” i London og Vestnorsk kulturakademi på Voss. Det er viktig å ha 100 % tru på at produktet ein vil selja er det beste i heile verda. Og det gir mykje lettare sal å kunna marknadsføra under ein felles logo. Derfor rådde ho potetbøndene til å bil med i ”Bondens marked”. 

– Å ha kontakt med andre potetbønder er ein svært god idé, seier Vagle. Jærbuane har gode erfaringar med det. Dei er ikkje redde for å drita seg ut, og deler gjerne feila sine med  andre bønder. På den måten lærer dei mykje av kvarandre. Odd Bondevik i Fitjar Meieri har teke over som prosjektleiar for potetkurset i Fitjar. Han tok opp tråden frå Vagle då han avslutta kveldens kurs. Han har begynt å arbeida med korleis prosjektet skal organiserast vidare, og i løpet av nærmaste framtid vil han prøva å få til ein fagtur til andre potetbønder. Om det blir til Karmøy, Lærdal eller Grimstad, kunne ikkje bøndene einast om på ståande fot. Men ein ting var lett å einast om: Vêret kan ikkje bli verre enn i år, og det kan berre gå ein veg med fitjarpoteta – framover! No gjeld det å produsera kvalitet og marknadsføra poteta både til fjern og nær.