I årets Dana Cup i Hjørring stiller Fitjar Idrettslag med juniorlag i guteklassen, og Fitjarposten er på plass for å følgja laget.

Fotballspelarane er innlosjerte på Feriecenter Fyrklit, rett utanfor Hirtshals, saman med trenarar og supporterar. Her tar det berre nokre få minutt å gå ned til dei endelause strendene der bølgjene slår inn frå vesterhavet mot den jyske vestkysten. Såleis er dette også eit godt utgangspunkt for ein vanleg badeferie. I tillegg kan feriesenteret by på mange fasilitetar til glede for fotballspelarar og andre, bl.a. innandørs og utandørs basseng, trampoliner, tennis, bordtennis og minigolf. Derfor skulle alt liggja til rette for at spelarane skal få den beste opplading til kampane i Hjørring.

Dana Cup er ei av dei største fotballturneringane i verda, med deltakarar frå 40 land. På heimesidene finn du gruppeoppsett for heile turneringa, og her kan du følgja med på alle resultata etter kvart som turneringa skrir fram.

http://www.danacup.dk

Den føste kampen spelar Fitar-gutane først på tysdag kl. 13.30, mot det danske laget Harken UGF. Onsdag morgon møter dei austlandslaget Konnerud IL, og seinare på dagen avsluttar dei puljespelet mot Rantrum TSV frå Tyskland. Så spørst det om dei kjem seg vidare til A- eller B-sluttspel.

Fitjarposten vil i alle høve prøva å følgja opp så godt som råd med daglege reportasjar.