Fitjarposten.no si funksjon som dagleg oppdatert lokalavis, opphøyrar frå nyttår.

Nettsida vil likevel ikkje bli fjerna frå nettet, men ho vil liggje der som eit utstillingsvindauge for papirutgåva, slik at ein framleis kan lesa papirutgåva av Fitjarposten på nett.

Me er svært takksame til alle de som har støtta oss. Det gjorde at me ikkje stoppa 1. oktober, men strekte oss tre månader til. Men no maktar me diverre ikkje å strekkja strikken lenger.

Ønskjer du nærare opplysningar om dette, kan du kontakte oss.

Helge-Mikal og Håkon