Vedkomande fekk dette spørsmålet: Kvifor melde du deg på?

Eg hadde lyst til å utforske meininga med livet, slik det står som tittel på kursboka vår, seier Vigdis Aarre Olsen. Mennesket lever ikkje berre av brød, held ho fram. – Eg må gjere noko sjølv for å få kunnskap om den kristne trua, og gjennom undervisninga får me ein glytt inn i kva det dreiar seg om. Olav Oma og Håkon C Hartvedt er gode førelesarar, og kvar kveld får deltakarane ark der alle Bibelsitata er nedskrivne. Dei kjem ofte til nytte i gruppesamtalene der ein får høve til å utdjupe det som har kome fram i førelesningane. – Det er fint å kunne snakke fortruleg saman med respekt for kvarandre sine meiningar, understrekar Vigdis. Første kurskvelden vart det minna om at alle har plikt til å teia om det som vert sagt i gruppene.

Vigdis er veldig godt nøgd med opplegget, det er interessant og lærerikt. Ho gler seg til kvar kurskveld. Sant nok, var ho i tvil om ho våga å melde seg på, men er no glad for valet som vart teke. Kurset svarar til forventningane, ja meir enn det seier ho til slutt. – Det er inspirerande å få vere med, ja delta i noko internasjonalt. Rundt om i verda har minst seksten millionar menneske vore med og utforska livsviktige tema om kristen tru. Opplegget er slett ikkje av ny dato. Det er minst tretten år sidan første kurset vart halde i Fitjar, den gongen på Øvrebygda bedehus.

Kvar Alpha-kveld startar med god kveldsmat og tid til ein prat om daglegdagse ting. Ei kort økt med allsong er med og leier fram mot det tema som er sett for kvelden. Aase Nøttveit, ein av gruppeleiarane, fortel at deltakarane er ei god blanding av folk som er meir eller mindre aktive i kyrkje eller bedehus, med alder frå tenåringar til pensjonistar. Olav Oma, som nemnt ein av førelesarane, minner om at kurset er ope for alle, uansett kva tankar ein har om meininga med livet. Dessutan gir det høve til å bli betre kjent for den som måtte vere ny i bygda. Desse orda får oss til å tenkje at soknerådet har tankar om å fortsetje med fleire kurs, eit godt opplegg som vert arrangert i lag med indremisjonsforeningane.

Ein kan lese meir om Alpha på denne nettadressa www.alpha-kurs.no