Denne helga kan me endeleg presentere det me har jobba lenge med i det stille: dei splitter nye og moderne nettsidene til Fitjarposten!

Av: Jonas Sætre, redaktør i Fitjarposten

Etter at Stord24 tok over drifta av Fitjarposten for eit drygt halvår sidan, var ein av dei første planane våre å gi lokalavisa eit skikkeleg ansiktsløft. For det fortente ho.

Den gamle versjonen av Fitjarposten har fungert greit i mange år, men i løpet av desse åra har sidene blitt meir og meir utdaterte. Det skuldast ikkje minst at medievanane er dramatisk endra det siste tiåra.

I dag les rundt to tredjedelar av befolkinga nettaviser på mobilen. Dette skapar behov for mobiltilpassa nettsider som ser like bra ut, uansett om du brukar mobilen, nettbrettet eller datamaskina.

Når me har designa nye Fitjarposten har me teke utgangspunkt i at sida framleis skal vere ein portal for Fitjar-samfunnet. Den største utfordringa har vore å vise igjen alle støttespelarane våre, som var fordelt på mange småannonser på den gamle Fitjarposten.

Slike småannonserer fungerer ikkje lenger. Difor har me erstatta sida med nokre større annonseflater, og i tillegg lansert spalten «Fitjarposten er på lag med». Her ønskjer me å profilere bedrifter, lag og organisasjonar på ein mykje betre måte enn tidlegare.

Elles vil dei nye nettsidene gjere kvardagen mykje enklare for oss som fyller sida med innhald. Me slepp det gamle knotete systemet vårt, og vil frigjere ressursar til å styrke journalistikken.

Satsinga gjer også at me lettare kan styrke satsinga på det visuelle, som foto og ideo. Ikkje minst vil sidene gjere at vår dyktige journalist og fotograf Kjetil Rydland, no verkeleg kan få vist fram dei flotte naturbileta han tek i stort format.

På Fitjarfestivalen laurdag vil Fitjarposten ha stand der me vil ta i mot alle slags innspel og tilbakemeldingar knytt til dei nye sidene. Me håpar du tek turen for å slå av ein prat!