Tysdag gjekk NRK Hordaland om bord i ferja «Showtime» for å lage den første av fem valgsendingar frå Hordaland. På torsdag kjem ferja til Leirvik. Då vert både fitjarpolitikarar og Fitjarposten sin politiske medarbeidar Harald Johan Sandvik med i programmet. Bilete: Oddgeir Øystese og Siv Fossåskaret om bord i ferja. Foto: Ole-Andre Lagmanndokk, NRK.

NRK har invitert lokalpolitikarar og ungdommar fra vidaregåande skular til å delta i debattar og vere publikum. 

På kvar stad lagar NRK livestoff både for nett, TV og radio, og tek òg «temperaturen» på folkelivet på og rundt ferja.

Her er sendeplanen frå Leirvik:

14.30: Fitjar (Ap, H, Frp, Sp, KrF).

15.00: Sveio (Ap, H, Frp, Sp, KrF).

15.30: Bømlo (Ap, H, Frp, KrF, MDG).

16.10 Stord (Ap, H, Frp, KrF, SV).

16.45 Kvinnherad (Ap, H, Frp, KrF, V).

17.20 Etne (Ap, H, Frp, Sp, KrF).

 

NRK Hordaland sender på nett, på radio og på TV.
Radiosendingane med programleiarparet Jan Børge Leirvik og Marte Rommetveit er på lufta frå kl 14.00-17.00. 

På NRK-no/hordaland er Oddgeir Øystese og Siv Fossåskaret i sving frå kl 14.00-17.30.

Vestlandsrevyen tjuvstartar på nett kl. 18.30 og held fram på TV kl. 18.45 med Oddgeir Øystese som programleiar. NRK samarbeider med lokalavisene.  

Du kan følgje programmet på nett, og streamingskoden for Leirvik er: 

<div class=»nrk-video» data-nrk-id=»225478″></div><script src=»http://www.nrk.no/serum/latest/js/video_embed.js«></script>