Ei kort og hektisk økt med fitjarpolitikarane blei eit sivilisert ordskifte om eigedomsskatt, kommunestruktur og folkevekst. Mest fyr blei det då kommunestrukturen kom opp.

 

Første tema var eigedomsskatten, som debattleiar Siv Fossåskaret starta med å få ordførar Wenche Tislevoll til å innrømma at dei ikkje hadde klart å fjerna heilt, slik dei gjekk til val på. No skal dei heller gå inn for å redusera den mest mogleg. Sigurd André Maraas på si side ville fjerna skatten heilt med å letta utgiftene til kommunen, gjennom å få statsfinansiert eldrehjelp,. Dermed reduserer kommunen sine utgifter og treng ikkje denne inntekta. Grete Marit Veka Maraas ønskte at denne skatteinntekta skal gå til investeringar og ikkje drift. Krf-representant Harald Rydland meinte kampen mot eigedomsskatten var eit narrespel, og det viktigaste måtte vera å oppretthalda gode tenester.

 

Politisk korrspondent i FItjarposten, Harald Johan Sandvik, fekk skryt for introduksjonen han hadde før debatten og analysen han gjorde etterpå: Her var det ingenting nytt, men flinke folk. Foto: Arne Vestbøstad

 

Som venta var det kommunesamanslåing, med kven og om i heile tatt, som fekk dei sterkaste kjenslene fram. Agnar Aarskog i Arbeidarpartiet meinte debatten rundt kommunesamanslåing så langt hadde vore fråverande, men fitjarpolitikarane gjorde sitt beste for å få fram sine syn. Der Framstegspartiet og Høgre ville utgreia alternativa før dei bestemte seg, frykta ein offensiv Harald Rydland i Kristeleg Folkeparti at ein kunne enda opp med å bli tvungen saman med nokon. Verst meinte han det vil bli om berre Stord og Fitjar går saman.

– Det blir ikkje ein ny kommune, det blir Stord med Fitjar som eit haleheng, spådde han, og ville ha med flest mogleg av dei ikringliggjande kommunane i ein eventuell ny storkommune. At det har vore stille rundt dette fram til no, skulda Rydland på feige politikarar, som han rekna med ville venta til etter valet med å tona flagg. Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil så langt ikkje vera med på noko samanslåing. Dei er ikkje overtydde om at det er gunstig for Fitjar. Aarskog (Ap) peika på det som skjedde i Danmark då kommunestrukturen blei røska opp i; Det førte til fråflytting og sentralisering.

 

Som eit varsko til resten av landet kom Sigurd André Maraas med kommentaren: – Om ikkje Fitjar og Stord klarar å slå seg saman, klarar ingen å slå seg saman.

 

Klår melding til politikarane kan fitjarfolket gi i ei rådgivande folkeavstemming i mars.

 

Vekstkommunen Fitjar

Det heile blei avrunda med med å løfta fram Fitjar som ein kommune i vekst, med stigande folketal. Her blei det peika på at Fitjar faktisk har ein del å by på. Harald Rydland peika på at opning av nye byggefelt, betre samferdsel, gode tenester og ei god plassering geografisk var viktige suksessfaktorar. Grete Marit Veka Maraas trekte også fram grendeskulane som attraktive for tilflyttarar, og Sigurd André Maraas slo fast at Dåfjorden no er det området i kommunen med størst vekst, og rakk å smetta inn at det difor er viktig å få ny veg i denne delen av kommunen.

 

Etter debatten var det glade og nøgde politikarar som mønstra av. Debatten blei leia med hard hand av Siv Fossåskaret, og ingen fekk sleppa til med alt dei ville seia, men alle fekk litt. Då er det godt for politikarane å vita at det ikkje er nokon som legg band på dei, når dei no skal visa seg fram på stand fram mot valet.

 

 

Dagens debatt vil bli tilgjengeleg på NRK Hordaland si nettside.

 

Ingressbilete: Nedteljinga har starta, og Agnar Aarskog, Grete Marit Veka Maraas, Harald Rydland, Wenche Tislevoll og Sigurd André Maraas ventar spent på at Siv Fossåskaret skal starta debatten