I løpet av ein halv time rakk om lag 50 elevar i Fitjar kulturskule å gle både liten og stor med speleglede og mange fine prestasjonar både med song, musikk og dans under framføringa av «Fitjarnissane feirar jul».

Rundt 200 velvillige publikummarar kom truleg eit hakk nærmare julestemninga i løpet av dei 30 minutta kulturskuleelevane fekk vist det dei har øvd på i det siste.

Som alltid er det kjekt med levande musikk frå knallgode musikantar, og det har Fitjar Skulekorps. Dei akkompagnerte på profesjonelt vis og hjelpte godt på å gi framsyninga tyngde og regi.

Men dei unge dansarane imponerte ikkje lite dei heller, lette på tå som dei er. Med engasjement og godt humør dansa til innspelt musikk, blant anna «Gøy på landet», «Musevisa» og «Jingle bells».

Å halda tråden i handlinga var vel ikkje heilt enkelt, men dei unge aktørane skal ha ros for innleving og engasjement. Her var ei rekkje fine prestasjonar, både song, dans og skodespel. Og det dukka opp ein og annan tankevekkjande replikk undervegs.

Skulesjef John Karsten Raunholm var då heller ikkje sparsam med godorda då han delte ut blomar etter framsyninga.

– Dette viser kva kulturskulen i Fitjar står for, sa den stolte skulesjefen blant anna.

Han viste til at her deltok både elevar frå dans, visuelle kunstfag og drama med, og syntest at skulen får fram det beste i kvar elev.

- Annonse -

– Det er noko å vera stolt av! meinte skulesjefen.

Det vanka blomar både til rektor i kulturskulen, Håvard Kroka, regissør Ole André Westerheim og kvar enkelt aktør.

For den som enno manglar eit lite knepp på julestemninga, foreslår me å sjå denne framsyninga i Kultursalen i kveld.