Ved Sjøtroll si avdeling på Fitjar, Fitjar Laks, garderer dei seg mot rømming med eit silsystem.

-Silsystemet me brukar gjer at det normalt ikkje skjer at fisk rømmer. Sjølv ved uhell skal det mykje til at det skjer, fortel Rasmus Fitjar, i ein kommentar til alt mediastyret om rømningsfisk i det siste. -Me balar dessutan med setjefisk, og skulle denne fisken rømme på eit tidleg stadium, vil han rett og slett ikkje klare seg, legg han til.

Han fortel vidare at den mest kritiske fasen er om fisken skulle rømme rett før dei  leverer smolten, eller ved levering. -Då er fisken blitt sjødyktig. Har ein då for små maskar i nota, kan det skje. Men slikt garderer me oss sjølvsagt imot. Noko anna ville vera dårleg økonomisk politikk, understrekar Rasmus Fitjar til slutt.

- Annonse -