Både Fitjar G16 og Fitjar J16 er ute av Norway Cup etter tap i sluttspelet. Foto: Kjetil Rydland.

– Kjell Træet og spelarane hans måtte innsjå at FK Senja hadde eit altfor sterkt lag. Før det hadde gått 5 minutt låg Fitjar under 0-2. På slutten rann måla inn, og til slutt stod det 7-0 til eit imponerande nordnorsk lag. Dermed var Fitjar-gutane ute av Norway Cup etter første runde i A-sluttspelet, skriv Kjetil Rydland, og fortset:

– Jentene rauk og ut i første runde, mot Bergsøy. Det stod 1-1 ved full tid og avgjerda kom på golden goal på slutten av andre ekstraomgang.

Etter mykje regn ☔ i går skin sola i Oslo i dag. Både jenter og gutar reknar med å bruka dagen på byferie i Oslo sentrum.

I morgon vender dei nasen heimover mot sommarøya.