Ein del av den siste dagen før elevane kom, fekk lærarar og assistentar ved Rimbareid skule friluftskurs. Det er difor all grunn til å tru elevane har mange kjekke utedagar i vente.

Det var Friluftsrådet Vest som heldt eit introduksjonskurs i bruk av friluftsutstyrspakka (kanopakka) som Fitjar kommune fekk tidlegare i år.

Trass i litt regntunge vêrmeldinger smatt sola fram, og dei tilsette kunne kosa seg med aktivitetar som kanopadling, oppsetting av lavvo og mat på bål.

Meir tekst – og fleire bilde her.