To lærarar ved Fitjar Vidaregåande er for tida studentar ved Høgskolen i Bergen for å læra om ungdomsbedrift. For å få til det, har dei sjølve laga studentbedrift. Laurdag hadde dei lansering på Fitjar.

Lærarane er Margareth Tislevoll og Astrid Bukkøy, og saman med to kollegaer frå Stord Yrkesskole, Sigmund Sørensen og Alf Einar Notland, synte dei fram produktet sitt ”Fredheim-paviljongen” ved Fitjar Vidaregåande Skule, i samband med opninga av den nye kultursalen, laurdag. Paviljongen er ei eit lysthus utan vegger som gjer det mogeleg å forlengja utesesongen på terrassen. Han fungerer som eit tak over grillen, eller badestampen, om du vil.

-Bedrifta har fått namnet ”Uteglede” og er altså etablert i samband med studie i entreprenørskap ved Høgskolen i Bergen for lærarar i vidaregåande skule. Studiet førebur lærarane å leggje til rette for elevar som vil etablere og drive ungdomsbedrift som ein del av utdanninga si, heiter det mellom anna i pressemeldinga dei fire har laga.

Om nokon skulle vera interesserte i paviljongen, kan me røpe at han blir produsert på Huglo og kostar kr. 32. 000,- inkl. MVA. Firmaet har tlf. 53 41 52 92.

- Annonse -