Sundag 6. mars starta sesongen på Ryvarden med utstilling av  vakre produkt i fiskeskinn av kunstnarane Bjørg Strømme og Maren Sofie Strømme. Ei utstilling som vart opna av fitjarordførar Harald Rydland.

– Etter at kulturfyr-vaktar Gunn Bente Håvardsholm hadde markert opninga av årets sesong, gav ho ordet til ordførar Harald Rydland. På ein humørfylt måte knytte han saman råstoffa for kunst-produkta på utstillinga, fiskeskinn frå Island, og Ryvarden, som var bustad for Ramna-Floke, han som sette namn på det nye landet i vest. Rydland fekk også fletta inn utstillarane si tilknyting til Island gjennom sterke slektsband, fortel Karvel Strømme, som var til stades på opninga. Han fortel òg at det var tydeleg at den store forsamlinga sette pris på  opningstalen til Rydland. Mange kom og takka han i handa.

Så var det heile i gang, og dei to kunstnarane gjekk rundt og svara på spørsmål, både om sjølve produkta og om desse spennande og vakre materiala ; skinn av laks, uer, steinbit, montert saman med skinn frå kalv, reinsdyr og geit.

Ryvarden er jo eit turmål i seg sjølv, og med denne utstilinga får ein noko ekstra med seg om ein tar turen.