Kunstnarane Leif Hedmann og Jørund Fjøsne har for tida sommar-utstilling på Os. Fitjarposten var til stades på opninga i slutten av juni. Då starta òg ”Osøren Blues & Jazzfestival” med Leif og Jørund som festivalutstillarar. Det var tydeleg at utstillinga fenga folket. Rett mange hadde funne vegen til det gamle kommunehuset i Os, der grafikken til Jørund Fjøsne og skulpturane til Leif Hedmann, har fått seg husrom fram til 27. august. Og sal vart det allereie første dagen.