Kirsti Willemse opnar utstilling på Galleri Giga på Leirvik i morgon, med tittelen «Ustoppeleg og full av botvon».

Med denne merkelege tittelen utfordrar den unge kunstnaren oss til å lytta etter ein dobbel botn i orda..

Kirsti seier ho har late seg inspirera av den japanske teknikken sashiko, som oftast blir nytta til å forsterka slite stoff.

– Gjennom ei fri tolking av denne teknikken, utforskar eg overgangane mellom tråd og bokstav, og mellom det tekstlege og det tekstile, seier Kirsti, tråden som renn gjennom stoffa skapar ein strek som nok ikkje heilt har bestemt seg for om den skal plassera seg i det materielle eller det tekstlege landskapet.

Utstillinga i morgon blir opna av Maria Brinch, ein kollega av Kirsti frå masterstudiet på Kunsthøgskolen i Oslo.

Kirsti Willemse fortel at ho fullførte mastergraden i 2012. Studiet byggjer på ein treårig bachelorgrad; det varer i to år og består av ei mastergradsutstilling og ein skriftleg del. Til saman har Kirsti seks års utdanning i kunst.

Både før ho var ferdig med studiet og etterpå har Kirsti vore ein flittig utstillar. Blant ei rekkje utstillingar nemner ho Hå gamle prestegard på Jæren og Galleri F 15 på Jeløya i Moss.

På Galleri Giga stiller Kirsti ut skulpturar som er i grenselandet mellom teppe og skulpturar. Ho kjem til å vera til stades nokre dagar utover i neste veke, men utstillinga vil vera open til 25. mai.

Meir om Fitjar-kunstnaren Kirsti Willemse kan me lesa på heimesida hennar: http://kirstiwillemse.com/