Fitjarkunstnaren Jorun Larsen skal ha utstilling i Kvinnherad Bibliotek frå 27. september – 25. oktober.  -Dette vert mi første offisielle utstilling, sjølv om eg har vist verka mine bak lukka dører før, seier Jorun.

-Eg ser dermed på meg sjølv som ein debutant, og håpar dette vert den første av mange framover, legg ho til.

Dei siste fire åra har Jorun budd i Kvinnherad. 

-På dei fire åra har eg gifta meg, fått barn nummer to, jobba som frilansjournalist og studert ved høgskulen på Stord. På skulen hadde eg mellom anna kunst og handverk, noko som antakeleg var med på å dytta meg i rett retning – nemleg å  vera utøvar, ikkje å berre formidla kunnskapen min til andre. Biletkunsten er berre ei av retningane eg held meg til innanfor kunsten, og denne gong er det nettopp måleri som skal stillast ut.

Det som kjem til uttrykk i bileta mine, er at eg er glad i sterke fargar, relativt enkle komposisjonar og eg eksperimenterer med motiv som er alt frå provoserande til banale. Tilbakemeldingane eg har fått til no er at eg overraskar, fortel ho.