– Fitjarkunsten er funnen, heitte det i ei melding til fitjarposten fredag ettermiddag, om kunstverket til Roman Signer som er forsvunne frå Fitjarøyane.

Det har vore ein del støy rundt forsvinninga til Signer sitt kunstverk, som er forsvunne frå plassen det vart montert på i Fitjarøyane under «FIve thousand generation of birds» i sommar.  

I ei melding me fekk inn fredag var biletet ovanfor lagt ved. Me oppdaga fort at dette ikkje var kunstverket til Signer. Det måtte vere eit stunt som resultat av eit stort avisoppslag same dagen.

Det var det òg. Installasjonen stod plassert utanfor Albert E. Olsen på Heiane, og det var ein av dei tilsette der som stod bak det humørfylte innspelet. Installasjonen vart fjerna før arbeidstida tok slutt på fredag.

Når det elles gjeld skjebnen til det rette kunstsverket, erfarer fitjarposten.no at einskilde meiner at det har vore vekke sidan i haust, og at det slett ikkje er umogeleg at det kan vere teke av vêr og vind. Kanskje dykking i området kan avsløre det?