F.v. Maren Sofie og Bjørg Strømme.

Nok ein gong skal mor og datter; Bjørg og Maren Sofie Strømme stilla ut kunsten sin på Galleri Ryvarden.

Galleri Ryvarden skriv i ei pressemelding at dei gler seg over å ønskja dei to kunstnarane velkommen tilbake.

– I september og fram til medio oktober skal dei med si utstilling setja preg på gallerilokala våre.

Bjørg Strømme tek med seg bilete i akryl og akvarell med flotte motiv som fjell, blomar og andre skattar.

– Bjørg er ein røynd og velrennomert kunstnar, med mange utstillingar bak seg, både innan- og utanlands. Ho er utdanna faglærar i forming med hovudvekt på tekstil, og har vore ein aktiv målar i mange år.

Maren Sofie tek med seg utstillinga «Fargar frå ein sommar».

– Maren har praktisert som biletkunster i over 35 år, og har hatt en rekke utstillingar, både her i Norge og på Island. Ho bruker akryl-teknikk, med innslag av f.eks. fiskeskinn, og ho utdjupar tekstur, struktur og dybde i bileta sine, og bruker vågale kontrastar i eit abstrakt uttrykk

Les ogso: Tilbake til Fitjar med kunstutstilling: – Eg er glad i bygda mi

– Utstillinga vert opna 6.sep kl.13.00, og er ope alle søndagar til og med 11.oktober, melder kulturfyrvokter Gunn Bente Håvardsholm.