Klasse 9A ved Rimbareid skule vart, saman med 9. klasse frå Strandebarm Skule, fylkesvinnar i den nordiske matematikk-konkurransen, KappAbel 2007/2008.

1.runde vart avvikla  i november, og 2.runde i januar. 574 klassar frå 243 skular deltok.

 

29 klassar frå 14 fylke hadde alt rett etter 1.runde (9A var blant desse).

 

Rekna etter poeng kom 9A på 8.plass totalt etter 2.runde. Eit resultat som var høgast i Hordaland, saman med 9.klasse frå Strandebarm skule. Men ved loddtrekning gjekk Strandebarm vidare til semifinalen.

 

I Noreg og Island er denne konkurransen for 9. klassingar, mens Danmark, Sverige og Finnland let 8. klassingane konkurrere.

 

Matematikklærar i 9A, Magnar Kloster, er svært nøgd med klassen sin, og skryt vankar det òg frå rektor Svein Kåre Meling, som veit at det vert jobba godt med matematikk i mange klassar på Rimbareid. Tidlegare i dette skuleåret fekk 5. klassingane i Fitjar særs gode resultat på dei nasjonale prøvene.