-Berre ei lita helsing frå tre fitjarjenter som har vore saman i Tunisia på skuletur, skriv Therese Sushama Lillenes Gloppen, Maria Thomassen og Synnøve Aarskog som alle går på Framnes k.vgs i Norheimsund.

 

-Me hadde det kjempe flott!, skryt dei tre, og legg til:

-Elles så har me vore på kameltur, sove under nydeleg stjernehimmel i Sahara, sett ruinar, moskear, katekombar, køyrt landrover i sanddynene og opplevd meir av den tunisiske kulturen. Me har òg lært ein heil del om islam og kristendom, heiter det.