Fitjarjentene Elisabeth Mjønes og Kristine Kjerland Kongestøl har fått brev med invitasjon til å delta på Festgudsteneste i Trefoldighetskirken i Oslo 21. februar i anledning Hans Majestet Kongen sin 70 års dag. 

-Desse jentene er plukka ut og invitert på bakgrunn av å ha utmerka seg med frivillige arbeid her i Fitjar. Dei stiller opp kvar onsdag og hjelper til på kjøken med meir ved ”Ope Hus” for ungdom. Dei gjer ein svært god jobb, og er eit ”funn” for oss som driv dette tiltaket. I tillegg kan påpeikast at dei er eit godt døme på ungdom som sjølv tek initiativ til eit rikare innhald i fritida si, gjennom å gjera frivillig innsats, til glede og nytte for andre, fortel Ellinor Bergesen ved Frivilligsentralen til Fitjarposten. Ho kan òg fortelja at Coast Air vil sponsa flyturen for jentene tur/retur Oslo.

 

Begge jentene er 16 år, og går 1.året på Fitjar Vidaregåande skule.