Fitjarjenta Kari Fykse Lie har, etter at ho begynte på toppidrettsgynaset i Åsane i haust, spela fleire kampar i eliteserien i damefotball  for Sandviken. Og Signe Kvalsvik Rydland debuterte laurdag som linjedomar på same nivå.

Neste laurdag blir Kari truleg å sjå på TV òg. Då spelar Sandviken mot Team Strømmen i ein direktesendt kamp på TV2 Sebra. Det er historisk for ein fotballspelar frå Fitjar.

Historisk vart òg Signe Kvalsvik Rydland med sin debut som linjedomar på eliteserienivå. Etter det Fitjarposten erfarer har aldri ein fitjarbu vore domar på så høgt nivå tidlegare. -Ho gjorde òg ein skikkeleg god jobb, seier Ketil Fykse som såg kampen. Han er sjølvsagt  ikkje noko  mindre imponert over dottera si Kari, 16 år og eliteseriespelar. Sjølv var Ketil 17 då han debuterte på A-laget til Trio.