Under kveldens cupcamp i 2. runde for damer i Bergen var Fitjar representert ved to staute toppidrettsutøvarar.

Fitjarjenta Kari Fykse Lie spelte midtstoppar for Sandviken i kveldens kamp mot 1.-divisjonslaget Voss. Ho kunne gle seg over avansement til 3. runde i cupen etter scoringar av Austevolls-jenta Melissa Bjånesøy og Hilke Nygård Larsen.

Signe Kvalsvik Rydland representerer framleis Fitjar Idrettslag. Kveldens kamp var den første der ho har hatt æra av å dømma eit toppserielag som hovuddommar. Og ho kom vel frå oppgava. Men om kjem til å gå i Tom Henning Øvrebø sine fotspor, vil tida visa.