Som mange andre jenter er Christine Kjærland i Dåfjorden hesteinteressert og medlem i "Penny-klubben". Det skaffa ho ein gratis Spaniatur.

Saka er Pennyklubben har funne ei mishandla hoppe som dei så har skaffa ein plass å bu. Vidare gjekk klubben ut med at dei ville invitere ei jente med foreldre frå kvart land som har Pennyklubb til å få møte denne hoppa, som no er å finne i Torrevieja i Alicante i Spania. Her vil dei som vert utplukka også få vera med på ein rideleir.

Christine syntest dette høyrdest svært så spennande ut, og skreiv eit brev der ho mellom anna fortalde at ho har ridd i sju år, at ho har vore på rideleir på Geilo – og at ho snart skal få seg hest. -Og så vart eg plukka ut som den som skulle få kome frå Noreg, jublar Christine som til vanleg går i 7. klasse på Sælevik skule.

- Annonse -