Kari Fykse Lie spelar på Københavns-laget BK Skjold, som i går kveld kvalifiserte seg for den danske cupfinalen i fotball for kvinner.

Klubben til Kari er ein av dei største klubbane i København, der Kari bur. Førre sesong rykte dei ned frå øvste divisjon, men har håp om å rykkja opp igjen allereie i år. I cupen, som på dansk heiter pokalturnering, har dei slått ut to lag fra øvste divisjon før gårsdagens avansement mot Team Viborg, som spelar i 3F Ligaen. 

Semifinalane blir avgjort over to kampar. Skjold vann borteoppgjeret 4-2, og hadde dermed eit godt utgangspunkt før gårsdagens heimekamp på Kunsten i Fælledparken. Det blei ein kamp der heimelaget kontrollerte store delar og skapte fleire store sjanser. Bortelaget var likevel nær scoring ved tre høve, og berre ein svært god keeper redda dei fra baklengs. Maria Kramer scora til 1-0 i første omgang og Gitte Pedersen la på til 2-0 i andre omgang, og dermed sikra Skjold-jentene seg finaleplassen med 6-2 samanlagt.

Dansk damefotball er meir teknisk og ballbesittande enn den norske, fortel tidlegare Fitjar-trenar Ketil Fykse til Fitjarposten, ikkje ulikt slik det er på herresida. Kari har sin faste plass i midtforsvaret, fortel han, og har fått med seg ein annan norsk spelar i Kine Solberg, ei tidligare lagveninne i Sandviken.

Finalen blir mot Brøndby eller Fortuna Hjørring og blir spela på den danske Grundlovsdagen 5. juni i Vejle.