Fleire fitjarbuar har sykla langt på sykkel – også den tradisjonsrike turen Nordkapp – Lindesnes, eller Norge på langs om du vil. I år er det fitjarjenta Benedikte Matre Berrefjord som har våga seg ut på denne strabasiøse ferda saman med venninna, Mari Erga. Biletet: Frå starten på Nordkapp. Benedikte til venstre. Fotoet er henta frå «Jenter på hjul».

 

Du kan følgje ferda på facebooksida deira «Jenter på hjul». Der får me òg vite at dei to jentene møttest på Sunnmøre folkehøyskole i 2010, og at dei var saman som miljøarbeidarar (stipendiatar) på same folkehøgskole året etter. Sidann den gongen har dei hatt mange turar saman.

«2015 er året Miljødirektoratet for alvor ønsker å sette friluftslivet på kartet. I tiltaksplan M269 formidler direktoratet at 2015 er ”Friluftslivets år”. De to hovedmålene ved prosjektet er å gi friluftsliv økt oppmerksomhet og øke deltagelsen i friluftsliv blant den norske befolkning. 

Dette ønsker vi å være med på å fronte og fremme. Vi er selv glade i friluftslivet, og den roen det bringer med seg. Vi mener at i dagens travle og hektiske samfunn, der alle haster fra det ene gjøremålet til det andre, bør flere ta seg tid til å utnytte den unike mulighet for friluftsliv vi har i Norge.», skriv dei sjølve på facebooksida si.

Turen starta frå  Nordkapp den 1. juli, og i går var det komne til Vanviken.

Følg turen deira her.

androgeen