Fitjarjenta Signe Kvalsvik Rydland, som framleis representerer Fitjar Idrettslag, skal vera 4.-domar i cupfinalen i fotball for kvinner.

Dei to laga som har spelt seg fram til finalen er Røa IL og Stabæk FK. Kampen går laurdag 5. november kl 16:00 på Telenor Arena.

– Overraskande, og utruleg gøy at dei gjer meg den tilliten, kommenterer Signe overfor fitjarposten.no.

Cupfinaleoppdraget kjem etter at Signe har løyst fleire store og utfordrande domaroppgåver på ein god måte. Både i eliteserien for damer og som assistentdomar i kvinnelandskamp. Ho har likevel ikkje gløymt kor ho kjem frå.

– Eg er stolt av å representere Fitjar Idrettslag, seier ho.

Siste kampen ho dømde var seriekampen mellom Klepp og Røa sist søndag på ein mildt sagt vasstrukken Klepp Stadion. Ein kamp som til tider minte meir om vasspolo enn fotball.