21 år gamle Signe K. Rydland skal i dag vera assistentdomar i cupfinalen  for damer som går mellom Røa og Team Strømmen.

Kampen vert spelt innandørs på Telenor Arena på Fornebu, og det er venta 8-9000 tilskodera. Finalen vert sendt direkte på fjernsyn, på TV2  kl. 16.00 i dag.  Dette er første gong nokon frå Fitjar er med i ein NM-finale, og me ynskjer Signe lykke til!

Du kan lesa meir om kva Signe tenkjer om dette som ho ser på som si største oppleving på Sunnhordland si nettside, her.