Inger Muri Slettebø (9) var som einaste fitjarbu ein av 45 skodespelarar i teateroppsettinga Taremareby.

Det var barne- og ungdomsgruppa i Stord teaterlag som stod for oppsettinga av Taremareby av Ingebrigt Davik. Den unge skodespelaren frå Fitjar hadde ikkje mindre enn tre roller i stykket. Først var ho kledd i rosa i Rekeballetten, der ho både song og dansa saman med 14 andre småreker. Neste gong ho entra scenen var som havhest, og til slutt var ho sypike i avslutningsscena då bryllaupet mellom Krabbe Krølle og Flyndrefrøken Fine skulle stå. Flyndrefanten klarde å redda Fine frå klørne til Krølle, og han fekk dermed overta brura og sørgde for ein lykkeleg slutt. Etter fjerde og siste forestilling traff me ei stolt og glad "sypike" i foajen i Kulturhuset på Stord. Læraren og mange av medelevane til Inger på Rimbareid hadde møtt opp for å sjå ho i aksjon, og frå dei fekk ho mange gode ord og mykje ros for deltakinga på scenen.