Inger M. Slettebø hadde fleire roller under Stord teaterlag si juleframsyning Nisse på ville veier. Knallflott, var venninnene sin kommentar etter framsyninga.

Stord teaterlag si barne- og ungdomsgruppe sette opp juleframsyninga Nisse på ville veier i Stord kulturhus i starten av desember. Teaterlaget sine juleoppsettingar er alltid populære, og dei tre framsyningane i år gjekk alle for full sal. Stykket handla om Nisse og familien hans som bur ute i skogen. Under leik dett Nisse og mister hukommelsen og veit ikkje lenger kven han er. Under jakta på å finna seg sjølv og familien sin møter Nisse mange slags dyr og troll, Agnes Agate som kan trylla og som ikkje likar jula, katten Mirre og menneska i byen.

Inger Muri Slettebø (13) frå Fitjar har vore med i Stord teaterlag i fem år, og har såleis vore med på mange oppsettingar. I årets framsyning hadde Inger fleire roller. Ho var eit av trolla i den store trollfamilien og ho var jenta Ina i menneskefamilien som tok seg av Nisse.

Nisse på ville veier var ei flott framsyning med mange flinke, unge skodespelarar i alderen fem til sytten år. Mellom alle desse klarde Inger seg svært godt både som skodespelar, dansar og songar. Under den siste framsyninga, og kanskje den med størst dramatikk sidan Agate Agnes knuste krystallkula si midt i ein scene, sat det to stolte klassevenninner på femte rad og fekk sjå venninna si i aksjon som dyktig skodespelar. «Knallflott! Inger var kjempeflink!», strålte dei etterpå.

Inger trives svært godt i teaterlaget. Ho har mange venner der og ho likar å stå på scenen, spela teater, kle seg ut, verta sminka, synga og ikkje minst dansa. I år synes ho det var ekstra kjekt med rolla som Ina, der ho fekk ein god del fleire replikkar enn det ho har hatt før. På spørsmål om det ikkje er vanskeleg med alt dei skal læra, forklarer den unge skodespelaren at det kjem av seg sjølv. Dei har øvd på dette heilt sidan slutten av august, med stadig hyppigare øvingar etter som framføringa nærma seg. No på slutten har det vore veldig, veldig mange øvingar, sier Inger. Men ho klagar ikkje på det, det har vore kjekt heile tida.

I tillegg til Ina-rolla var trolldansen eit av Inger sine personlege høgdepunkt i årets framsyning. Då dansa Inger og alle dei andre trolla Hula-dans saman med Tirill Einarsdotter som Agnes Agate slik at fjellet rista frå her og til Fitjar, som dei song. Eit særs flott og fengande innslag der Inger si danseglede verkeleg kom til sin rett.

Etter premieren hadde skodespelarane premierefest saman med familiane sine, med pizza og kakar, og etter tre framsyningar har dei no teke ein velfortent juleferie. På nyåret vert det nye øvingar på Nisse på ville veier, for å framføra den under teaterfestivalen som skal vera på Stord til våren. Dansen tek ikkje Inger ferie frå. Allereie denne helga er ho i gang igjen med å førebu og øva inn ein ny dans til ungdomens kulturmønstring i februar, saman med ei teater-venninne.

Me takkar Inger og dei andre i teaterlaget for framsyninga og for julestemninga dei satte oss i, og ynskjer ho lykke til vidare med både teater og dans.