Signe Kvalsvik frå Fitjar har allereie hatt ein sterk domarkarriere. I helga tek ho endå eit steg vidare då ho skal vera assistentdomar i ein VM-kvalifiseringskamp for damer i Wales.

Kampen skal gå på Bridge Meadow Stadium i Haverfordwest i Wales. Kanskje ikkje den mest kjende plassen i verda, men han ligg altså i Wales, heilt vest, og ikkje altfor langt i frå Cardiff.

VM-kvalifiseringkampen er mellom Wales og Belgia og startar kl. 15.00 på søndag.

Fitjarposten har medarbeidarar på plass, og vil koma tilbake til saka.