Øyvind Fykse Lie skal delta på kretslagssamling førstkomande søndag, som einaste sunnhordlending i Hordalandstroppen for gutar.

Det er spelarutviklar Otto Natland i Hordaland fotballkrets som har teke ut spelarane, og kretsen gratulerer kvar einskild med uttaket og ynskjer dei lykke til.

Krettslagssamlinga er for gutar og jenter 14-16 år. Gutane skal spela kamp mot Nadmyra Junior elite søndag 15. mars kl. 13.00 på Nymarksbanen. Neste kretslagskamp vert 25. mars.

Fitjarposten ynskjer å gratulera fotballtalentet Øyvind med uttaket og ynskjer han lykke til!

Kjelde: www.fotball.no