Til helga reiser Gisle Aarbø til landsfinalen i bilcross junior som den første frå Fitjar Racing Team nokon gong.

NMK’s landsfinale blir arrangert på Sundvold Motorbane av NMK Valdres førstkommande laurdag. Gisle har kvalifisert seg til finalen gjennom å komma til A-finalen i kvalifiseringsløpet i Vikedal 11. juni. Det har blitt arrangert liknande kvalifiseringsløp rundt om i heile landet, og dei 100 beste førarane i klassen får vera med i landsfinalen i Valdres til helga. 

Dette er eit storfint selskap, etter som fleire tusen førarar har prøvd å nå denne landsfinalen. – Og det er ein stor prestasjon i det heile å kvalifisera seg, seier pressetalsmann Sigurd André Maraas i Fitjar Racing Team. 

Det er første gong ein fitjargut kjører ein landsfinale i bilcross junior. Derfor er heile Fitjar Racing Team ein kry gjeng i desse dagar, fortel Sigurd André Maraas til fitjarposten.no. Dei meiner det bør vera sjansar for å nå ein C-finale i dette storfine selskapet. I alt er det fem finalar, A, B, C, D og E, med seks bilar i kvar. Dersom Gisle i det heile kjem til ein finale, blir han altså blant dei 30 beste i landet. Det vil vera ein veldig god prestasjon, er alle i Fitjar Racing Team samde om. 

Med på ferda over fjellet blir foreldra, Gaute og Kirsti F. Aarbø, Sigurd André Maraas og fleire mekanikarar og supporterar. Også dei to andre juniorsjåførane i racingteamet, Audun A. Mehammer og Jonas K. Lønning, blir med på reisa. Gisle har no fått eit klart overtak på dei to kompisane sine i den interne maktkampen. Noko som legg eit stort press på dei framfor neste sesong. – Audun og Jonas kjenner pusten i nakken frå Gisle, seier pressetalsmann Sigurd André Maraas til slutt i ein kommentar til fitjarposten.no.