Fredag kveld inviterte Askeladden, med Johannes Aadland på song og tangent, til releasekonsert i Bergen.

«Me lovar å laga ein fest her i kveld!» sa Johannes Aadland frå Fitjar til alle som hadde funne vegen til Kronbar studentbar i Bergen fredag kveld. Der hadde han og dei andre i Askeladden innteke scenen for å spela frå plata «På god veg» som kom for sal same dag. 

 

Dei 105 betalande gjestene fekk høyra mykje god musikk. Det heile starta med «Sjå Fram», den av låtane deira som oftast har vore spelt på NRK P1 og som vart gjeven ut som singel i 2012. Etter det kom det mange ulike songar. Alt frå den humoristiske skildringa av ein ung mann som ikkje tør å by draumedama opp til dans i «Mens du dansar med Per», til vakre og varme tonar i «Farvel», ein song som vart skriven til minne om ei som gjekk så alt for tidleg bort.  Kontrastane mellom dei djupe tekstane i «Forlist» og «Den som forstår» og meir humoristiske og lette melodiar som i «Til alle barane stenger», gjore sitt til at det vart ein variert konsert. Og songane vart fint butte saman av dei tre Askeladd-karane med små kommentarar og festlege historiar .

 

Alle songane er skrivne av Askeladden, dei fleste av fitjarbuen Johannes Aadland. Han syng og spelar piano, medan Torstein Mongstad frå Solund trakterer kontrabass og bass. Simon Kleppe Røskeland frå Osterøy spelar slagverk. Dei held til i Bergen og  held seg til sjangrane vise, song og jazz.

 

Denne dagen hadde dei og med gitarist Bård Husby, Sindre Fotland på trekkspel og Silje Midtbø Vevle på fele. Alle musikarane imponerte, men det beste var kanskje det at dei var så samspelte og at songstemmene passar så godt saman.

 

Johannes fekk rett, release-konserten vart ein fest, både for musikarane, fitjarbuarar som hadde funne vegen til by`n og resten av publikumet som hadde teke turen til studentbaren. Det var god stemning, og mykje applaus resulterte i ekstranummer. Etter konserten var dei tre karane opptekne med å selja og signera plater. Sjølv oppsummerte dei konserten slik: «Me var veldig nøgde med lokalet, lyden, stemninga og det faktum at me faktisk har kome i mål med å gi ut album. Det har jo vore ein lang jobb i forkant.»

 

Underteikna deltok ikkje sjølv på release-konserten men har basert meldinga på rapportar frå andre frammøtte.