Ein god og heldig Idar Volden Mjønes i målet til Solid hindra A-laget til Fitjar i å innkassera tre nye poeng i Fitjar Idrettspark fredag kveld.

Fitjar var nok favorittar i årets prestisjeoppgjer mot Solid, etter som dei banka Solid enkelt i bortekampen for fire månader sidan, og leier tabellen i 5. divisjon. Men Solid i dag var ikkje til å kjenna frå vårkampen, naturleg nok, for dei har signert fleire nye spelarar i sommar. Og dei klarte å halda Fitjar frå livet i ein litt utypisk 0-0-kamp med eit utal sjansar begge vegar.

I byrjinga av kampen såg forsterkingane til gjestene mest solide ut på papiret, og det var Fitjar som kom best i gang. Etter 10 minutt heldt Fitjar-guten Idar Volden Mjønes i Solid-målet på å avgjera kampen for Fitjar. Han var langt utanfor 16-meteren for å klarera, men bomma, og Jonas Tislevoll kunne berre plassera ballen i det opne buret. Diverre for Fitjar og Jonas gjekk ballen rett utanfor. Og resten av kampen spela Solid-keeperen ein kjempekamp, og drog fram fleire matchvinnar-redningar framfor frustrerte Fitjar-spelarar. Så i staden for syndebukk, blei han helten for sagvågarane, som slapp å reisa tomhendte heim etter møtet med arvefienden.

Kampen sett under eitt var nok Solide litt heldige som fekk med seg poeng i dag. Fitjar hadde dei fleste og beste sjansane, og midt i omgangen sette Jonas Tislevoll ballen i mål. Diverre blei målet annullert, truleg korrekt, men me er ikkje heilt overtydde. Litt seinare sette Kjell André Thorland eit frispark frå hjørnet av 16-meteren rett utanfor vinkelen.

Andre omgang begynte med ein stor Solid-sjanse, der Fitjar-forsvaret ikkje hadde heilt kontroll på talet inne i feltet. Brått var ein Solid-angripar nesten åleine med keeper, men heldigvis gjekk ballen utanfor. Etter kvart fekk Fitjar fleire feite sjansar mot Idar Volden Mjønes, som har sin styrke på streken. Me noterte fine skotforsøk av Helge Træet og Jan Åge Tislevoll. Den største sjansen kom ettter eit kvarters spel i andre omgang ved Øyvind Fykse Lie. Frisparket frå 18 meter trefte innsida av stolperota før Idar Volden Mjønes slo ballen ut i feltet. Der kom André Helland stormande og kunne berre setja ballen i mål frå to meters hald, men på uforklarleg vis hamna ballen i eit par Solid-bein på målstreken.

Utover i omgangen kom Fitjar til fleire opne sjansar. Etter 22 minutts spel var Solid-keeperen nede med ei eihandsredning og hindra Kjell André Thorland å scora på det fine skotet sitt. Ein vanlegvis kvass Jan Åge Tislevoll hadde fleire fine tilbod, og burde nok ha lukkast på minst eitt av dei. Det same burde innbytar Lars F. Waage, men heller ikkje han greidde det som ingen andre greidde i denne fartsfylte 0-0-kampen.

Innimellom Fitjar-sjansane var Solid nesten like farlege på sine kontringar. Spesielt på overtid, då Nils Ingard Tislevoll gjorde ein av sine svært få feil, og Solid kom til ein heilt open sjanse. Men keeper og forsvarspelarane fekk kontroll over ballen med eit nødskrik, og dermed ebba kampen ut med eitt poeng til kvart av laga.

Trenar Kjell Træet hadde sjølvsagt gjerne sett tre poeng i dag, men er brukbart fornøgd med å unngå tap. Han gledde seg òg over god rørsle i laget, og mange målsjansar, så han reknar ikkje med at det skal bli enkelt å slå gutane hans utover hausten. Bestemannspremien gjekk til Helge Træet, som spela ein sterk kamp på midtbanen. Men to andre midtbanespelarar heldt same nivået i dag, Øyvind Fykse Lie gjorde knapt ein feil, og Kjell André Thorland var høgt og lågt både i forsvar og angrep. – Når han er tilbake på vanleg nivå slik som i dag, er det som om me har fått ein ny spelar til! seier ein fornøgd Kjell Træet.

På Solid ruva lagkaptein Ole Morten Lie godt i forsvaret, medan Richard Alsaker ikkje fekk så mykje til mot Bernt-Ove Maraas. Sjølv om temperaturen til tider var slik den bør vera i slike prestisjeoppgjer, såg me ikkje noko stygt spel. Dommar Roar Wold kommenterte då også at det var kjekt å sleppa dra fram det gule eller det raude kortet, i den fartsfylte men fairspelte kampen.

Dommaren var blant dei beste på banen, og gjorde knapt ein einaste feil, bortsett frå då han dømte frispark for Solid, på den artigaste situasjonen i heile kampen. Fotballeiar i Fitjar, Gisle Levåg, kom i skade for å sparka til ballen inne på banen. Ein kuriøs og sjeldan situasjon som vekte allmenn jubel. Naturlegvis skulle dommaren ha sett spelet i gang igjen med ein dropp, men valde frispark mot Gisle Levåg!

Eit anna kuriøst poeng i dagens kamp var at det truleg var første gongen Fitjar hadde eit fleirtal av ovbygdarar i startoppstillinga si, noko me kan sjå av etternamna Helland, Tislevoll, Korsvik og Maraas. Naturlegvis har gutane sjølve æra for at dei når opp, men me vil òg nytta høvet til å nemna det gode rekrutteringsarbeidet som Magne Skumsnes har drive i Øvrebygda i over 30 år.

Etter dagens kamp er Fitjar framleis på toppen av tabellen i 5. divisjon, medan opprykkstoget er gått for Solid. Fitjar mangla tre av dei faste i dagens kamp, men har godt håp om å få dei med igjen om kort tid. Dermed har dei endå litt å gå på, og det bør liggja an til ein spanande haust i kampen for opprykk. Ein kamp som truleg vil stå mellom Fitjar, Vestsiden-Askøy og Trott, som kjem halsande bak etter ein knallsterk bortesiger 5-0 mot Rosendal i dag.