I dag har redaktør Håkon C. Hartvedt levert årets sommarguide om bord på ferjene i Sandvikvåg.

Redaktør Hartvedt fortel at dette er eit resultat av ein god dialog mellom ordførar Harald Rydland i Fitjar kommune og driftssjef Oscar Bergheim i Fjord 1. – Me er svært glade for at me igjen får levara sommarguiden om bord på ferjene, seier Håkon C. Hartvedt.

Erfaringsmessig tek folk sommarguiden med seg, fortel Hartvedt, som seier han har fleire prov på det. – Bl.a. har me fått svar på konkurransen vår frå store delar av Noreg, og frå både Danmark og Sverige, seier Hartvedt.

Fitjar sommarguide blir i år trykt i 15 000 eksemplar, og er i tillegg til ferjene distribuert til alle husstandar, hotell og bensinstasjonar på Stord. Den vil og bli sendt til turistkontora i Bergen, Os, Tysnes, Bømlo, Sveio og Haugesund.