Fitjargruppa «Yearstones» starta i helga innspelinga av ein plateproduksjon som vil koma på marknaden til sommaren.

– Det er ein draum me har hatt over tid som no vert oppfylt, seier dei til fitjarposten.no.

«Yearstones» består av Per Egil Larsen (gitar, koring), Årstein Tislevoll (gitar, bass, song), Arvid Havro (trommer) og Per Kenneth Hauan (tangentinstrument).

I helga skal dei leggje inn trommene, og bassen skal òg vera på plass, får me vita. Det endelege produktet redigerer dei til slutt på Mac.

Når det gjeld musikken har dei litt vanskar med å plassera han i ein bestemt sjanger.

– Men om ein seier rockemusikk med ein snev av progressiv rock, er me ikkje langt unna, meiner dei.

– Det er ikkje akkurat main-stream radio-hits, smiler Per Egil.

Gutane har musikken som hobby.

– Men me skulle gjerne spelt på heiltid om me hadde tent nok til å kunne leva av det, seier dei samstemt, til slutt.